fbpx
Rjukan-Notodden industriarv

Mannen med vikingskipet

Tekst: Trond Aasland / NIA

Ein vårdag i 1886 vart Thorolf Holmboe, ein av våre kjende kunstnarar, fødd i Vefsn i Nordland. Ein annan kjend nordmann, industribyggjaren Sam Eyde, vart fødd i Arendal på hausten same året. Dei to skulle få mykje å gjere med kvarandre.

Utsikt mot Møsvatn: Båtturen sommaren 1906 ga inspirasjon til dette måleriet, som var eitt av dei fem som Sam Eyde tinga frå Thorolf Holmboe. (Fotoeigar: Hydro).

Ein dag i juni 1906 legg Brukseigarforeiningas nye motorbåt ut på tur på Møsvatn. Gjestar ombord er Julie og Thorolf Holmboe. Dei er ved godt mot. Thorolf har skisseblokka med. Han har fått eit etter måten lukrativt oppdrag, og oppdragsgjevaren er ingen ringare enn direktør Sam Eyde.

Det vart ein tur som laga ringar i vatnet – for all ettertid. Ikkje mange veker seinare sende Holmboe brev til Eyde og fortalde at ei pakke med fire måleri var klar. Eit femte måleri, med motiv frå Rjukanfossen, måtte han ha noko meir tid på. Han skulle visst òg lage nokre kopiar av det.

Verdensarvsenterets oppdrag er å spre kunnskap og skape oppmerksomhet om de fremstående universelle verdiene til norske verdensarvområder, gi forståelse for hvordan disse skal tas vare på og sette den norske verdensarven inn i et
internasjonalt perspektiv. Verdensarvsenteret er organisert med besøkssteder på Vemork på Rjukan og Telemarksgalleriet på Notodden. I tillegg formidler senteret vår lokale verdensarv på Rjukanbanen. Senteret jobber med etablering av en generell verdensarvutstilling som utvikles av
Riksantikvar og interesseorganisasjonen Norges Verdensarv i tillegg til et omfattende arbeid med etablering av utstillinger for vår lokale verdensarv på Rjukan og Notodden. Verdensarvsenter Rjukan-Notodden industriarv forvalter og formidler de fire pilarene i vår verdensarv:

  • Kraftproduksjon med dammer, tunneler og kraftstasjoner
  • Fabrikkene med fremstillingsmetoder for mineralgjødsel
  • Bysamfunnene Rjukan og Notodden
  • Transportåren Rjukanbanen -Tinnosbanen – navlestrenger til verdensmarkedet

5. juli 2015 ble Rjukan-Notodden industriarv skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste. Innskrivingen bygger på en epokegjørende oppfinnelse; industriell fremstilling av gjødsel til landbruket vedhjelp av vannkraft.

Professor Kristian Birkeland og ingeniør Sam Eyde ledet an i tviklingen av den elektriske lysbueovnen som gjorde det mulig å binde luftens nitrogen og lage gjødsel til bonden. Ved å temme fossen og føre vannet gjennom tunneller og rør ble det mulig å lage store kraftverk og store mengder elektrisk kraft. Det er tidenes viktigste oppfinnelse i Norge.

Verdensarvstatus er det høyeste internasjonale kvalitetsstempel et område kan få og medfører ansvar for å sikre verdensarvstedene for ettertiden.

Rjukan-Notodden industriarv strekker seg 92 km fra Møsvatn i Vinje til Heddalsvannet på Notdden, med til sammen 97 signifikante objekter i tre kommuner. Rjukan-Notodden Industriarv er et av åtte verdensarvsteder i Norge og per januar 2019 blant 1092 verdensarvsteder i Verden.

Kunstmålaren og illustratøren Thorolf Holmboe (1866-1935).

Thorolf Holmboe (1886-1935) var ein produktiv kunstmålar i tida frå 1890-talet og nokre tiår framover. Han er kjend for sine naturskildringar, men har m.a. og laga ei rad gode bokillustrasjonar og dekorative arbeider for kunstindustrien. Han studerte i Berlin og var Hans Gudes siste elev. Holmboe hadde separatutstillingar i Paris, Antwerpen, Berlin, New York, Stockholm, Göteborg og København. I perioden 1906–25 laga han meir enn 110 utkast til dekor for Porsgrund Porselen. Holmboe vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1900. Han var òg riddar av den franske Æreslegionen.

(Foto T. Aasaland/NIA).

Alle kjenner Holmboe

Thorolf Holmboe (1866-1935) er kjend, men ikkje mellom Noregs aller mest kjende kunstnarar, men han er høgt verdsett. Og – på sett og vis har vi alle «eit forhold» til ham – mange utan å vete det. Holmboe er kunstnaren som har laga illustrasjonen med furutreet i Meløy i solnedgang, som framleis  pregar fyrstikkeskane – og som jamvel vart ei stor nyhendesak hausten 2015. Han var målar ved staffeliet, illustratør og ein mykje bruka designar til ulike industriprodukt.

 

Bileta han laga for Eyde vart til i ei tid då dei første spora av dramatisk forandring i naturen vart synlege i denne delen av Telemark. Sam Eyde tinga i alt fem bilete frå Holmboe. Fire av dei skulle til Hydros administrasjonsbolig (Admini) som på den tida vart reist på Notodden. Tre av bileta skildrar elva Maanas frie, fossande leik mot Vestfjorddalen. Med bakgrunn frå Nordland hadde Holmboe synt kor dugeleg han var med levande vatn, bylgjer og skiftande ljos. Eit fjerde bilete syner Møsvatn, og det femte skulle ha motiv frå Rjukanfossen. Kor Rjukanfoss-biletet tok vegen har vore uråd å dokumentere.

Det var ikkje tilfeldig at dette oppdraget gjekk til Holmboe. Han var ein god ven av Eyde. I sjølvbiografien (1939) fortel Eyde om venskapen, attende til tida på krigsskulen i Kristiania og frå åra i Berlin, mot slutten av 1880-talet. Eyde var ingeniørstudent i Berlin og Holmboe var elev hjå Hans Gude.

I 1910 teikna Holmboe det første vikingskipet for Hydro, og han fornya det tidleg på 1920-talet. Akkurat som Norgesalpeter gjekk også vikingskipet på vann – og luft.

«Utstrakt komfort»

Gjestehusa som vart sette opp på Notodden og Rjukan allereie før 1910, skulle fylle fleire roller. Dei skulle vere bustad og arbeidsstad og nyttast til representasjon. Sam Eyde er seg på alle vis medveten at her var det viktig med «rummelige forhold og utstrakt komfort. Derfor blev det ofret meget på utstyr og innredning», skriv han.

 Eit gamalt fotografi på veggen på Admini på Notodden syner Eyde ved skrivebordet i det vestlege rommet i første etasje, og vi kan sjå at på veggen bak ham heng eit av Holmboes fossebilete. Kort sagt; etter leveransen tok det ikkje lange tida før bileta fann vegen opp på veggen. Dei fire bileta er framleis i Admini, og det høyrer med til denne historia at også Tinfos og O.H. Holta nytta høvet til å tinga fleire bilete med høvelege Tinfos-motiv då Holmboe var på reise i Telemark.

To år seinare hadde Holmboe nye oppdrag for industrien i øvre telemark. Denne gongen var det Tinfos Papirfabrik som ville ha like fine bilete i det nye kontorbygget sitt. (Fotoeigar: Tinfos).

Luft og vann

Hydro sitt første gjødningsprodukt gjekk lenge under namnet Norgesalpeter. I dag kjenner vi det som Kalksalpeter. Dei første åra bruka selskapet eit varemerke med eit kornaks omkransa av initialane til nettopp Birkeland og Eyde. Men eit produkt som skulle slå seg fram i internasjonale marknader trengte ein skarpare profil. I 1910 teikna Holmboe det første vikingskipet for Hydro, og han fornya det tidleg på 1920-talet. Akkurat som Norgesalpeter gjekk også vikingskipet på vann – og luft.

Vikingskipet sigla vidare, og då det i 2003 var klart for å skipa Yara som eit sjølvstendig, børsnotert selskap, vart det Yara, ikkje aluminiumselskapet Hydro, som tok med seg varemerket med vikingskipet. Hydro valde seg ei meir nåtidig seglføring i varemerket sitt, men jamvel her er det råd å sjå dei lange linjene attende til det første skipet, ja, kan hende heilt attende til båtferda på Møsvatn ein sommardag i 1906.

Du vil og like