fbpx
Rjukan-Notodden industriarv

Kristofer Uppdal: «Ein heimlaus proletar»

Tekst: Trond Aasland

I vår tid vert Kristofer Uppdal rekna som ein av dei viktigaste av dei norske arbeidarforfattarane. I samtida si strevde han med å bli forstått og anerkjent, og han strevde med livet sitt. Men Uppdal sette spor i Telemark, og Telemark sette spor i han og i forfattarskapen. Delar av det store ti-bindsverket Dansen gjenom skuggeheimen hentar sitt materiale frå anlegga ved Notodden og Rjukan.

Uppdal er interessant som formidlar av anleggsarbeidarane sine kår – sett frå innsida. Men han er òg interessant ut frå sin politiske ståstad. Då Arild Bye for nokre år sidan redigerte ei bok med tekstar etter Uppdal, skreiv han mellom anna dette:

«Han er politisk reformist, trur på ei gradvis sosial omforming av samfunnet og står last og brast med parlamentarismen, meiner arbeidarrørsla kan vinne samfunnsmakt den vegen og ein dag sikre seg fleirtal gjennom røystesetelen. Og han seier det i 1918, da landa i Europa er i ferd med å drepe kvarandre i eit blodbad ein aldri før har opplevd…»

«Ettertida kan finne djup klokskap i mye av det han skriv, og samhug med tankane hans, på ei rad felt. Vi kan sjå at han i mange høve fikk rett, enda om samtida ikkje såg det. Det er ein vond ståstad. Å få rett når ein har levd ferdig, gir lite av ære i livet. Uppdal døydde i denne posisjonen, mest som glømt av si tid.» A. Bye i «Kamp, Sakprosa i utval» H. Aschehoug & Co, (2012).

Bye skreiv og ein stor biografi om Uppdal og gjorde der meir inngåande greie for livet hans og forfattarskapen. Den fekk tittelen «Kristofer Uppdal. Ein mot alle» (Aschehoug, 2010).

Verdensarvsenterets oppdrag er å spre kunnskap og skape oppmerksomhet om de fremstående universelle verdiene til norske verdensarvområder, gi forståelse for hvordan disse skal tas vare på og sette den norske verdensarven inn i et
internasjonalt perspektiv. Verdensarvsenteret er organisert med besøkssteder på Vemork på Rjukan og Telemarksgalleriet på Notodden. I tillegg formidler senteret vår lokale verdensarv på Rjukanbanen. Senteret jobber med etablering av en generell verdensarvutstilling som utvikles av
Riksantikvar og interesseorganisasjonen Norges Verdensarv i tillegg til et omfattende arbeid med etablering av utstillinger for vår lokale verdensarv på Rjukan og Notodden. Verdensarvsenter Rjukan-Notodden industriarv forvalter og formidler de fire pilarene i vår verdensarv:

  • Kraftproduksjon med dammer, tunneler og kraftstasjoner
  • Fabrikkene med fremstillingsmetoder for mineralgjødsel
  • Bysamfunnene Rjukan og Notodden
  • Transportåren Rjukanbanen -Tinnosbanen – navlestrenger til verdensmarkedet

5. juli 2015 ble Rjukan-Notodden industriarv skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste. Innskrivingen bygger på en epokegjørende oppfinnelse; industriell fremstilling av gjødsel til landbruket vedhjelp av vannkraft.

Professor Kristian Birkeland og ingeniør Sam Eyde ledet an i tviklingen av den elektriske lysbueovnen som gjorde det mulig å binde luftens nitrogen og lage gjødsel til bonden. Ved å temme fossen og føre vannet gjennom tunneller og rør ble det mulig å lage store kraftverk og store mengder elektrisk kraft. Det er tidenes viktigste oppfinnelse i Norge.

Verdensarvstatus er det høyeste internasjonale kvalitetsstempel et område kan få og medfører ansvar for å sikre verdensarvstedene for ettertiden.

Rjukan-Notodden industriarv strekker seg 92 km fra Møsvatn i Vinje til Heddalsvannet på Notdden, med til sammen 97 signifikante objekter i tre kommuner. Rjukan-Notodden Industriarv er et av åtte verdensarvsteder i Norge og per januar 2019 blant 1092 verdensarvsteder i Verden.

Verdensarvkonvensjonen ble vedtatt i 1972 etter at kulturminner og naturområder i økende grad hadde blitt utsatt for press i form av krig, naturkatastrofer, forurensing, turisme og forfall.

Kristofer Uppdal (heilt til høgre i bakre rekke) i tida som rallare i Telemark. Han jobba om dagen og skreiv til langt inn i mørke natta. (Foto: NIA).

På Tinnosbana

Dei litterære kvalitetane hjå Uppdal er ikkje vanskeleg å få auge på når ein les kva han kunne skrive til vener og kjente. I eit av breva til venen Marius Bratt, då han budde i ei brakka på Storemo, skriv han dette i 1909:

«Eg arbeider ved grusinga på Tinnosbana no. Og bur i ei 16-manns brakke, ligg om natta på granbar, et havregryn og vatn, til amerikansk flesk med brød til, og litt svart kaffi. Et som ein hest og arbeider som ein hest, for arbeidet er av dei tyngste. Mine kameratar sit rundt meg og spelar kort og bannar på svorsk, og lufta inne i romet er tung av sveitte og fotsøyr, og inne i eimen av sveitten og fotsøyret blandar seg dunstane av oppbrukt luft som små tunnelar, lik knallperler som eksploderer, blir pressa ut av kroppen, og den sterke skråtobakksrøyk legg ein helvetes blå farge over heile herlegdomen. Eg er ein landevegens son, ein heimlaus proletar».

I Svelgfossjuvet

I 1910 utga Uppdal den første novellesamlinga si; «Ved Akerselva og andre forteljingar», (Olaf Norlis forlag). Ei av novellene kalla han «Fossen». Den fortel om ei hending ved Svelgfoss-anlegget.

«Ein tømmermann skulde hanke seg med hendene etter ei line over paa hi sida. Det var eit vaagspel. Me sto med anden i halsen og saag paa. «Ja, gaar dette bra,» sa Smaa-Kalle, «saa ta mig tusan!» Mannen var no midt over fossesvelge’. Daa rauk lina. Eller kanskje ho losna. Og mannen gjekk paa hovude’ og ut og beint i kjeften paa trolle’ som hogg gule tenner i honom. Det skar i eit langt skrik som dilra som eit staalblad. Men over skrike’ dundra fossen i glad knegging.

Eit par armar og hender med fingrar som klør, krøykte seg upp. So flotna og flaut hovude’. Tvo augo opna seg den siste gongen og gret av fælske liksom dyreaugo gjer, naar dauden kjem. Fossetrolle’ storflirde. Det kasta tømmermannen fraa pall til pall. Det trøydde seg med honom som katten med musa. So aat det honom bit for bit».

Seinare kom Uppdal til Rjukan. Han vart jamvel tillitsvalt før han drog vidare til Kristiania. Som gamal mann vart han såra og vonbroten når noko våga å meina at han vel var meir forfattar enn rallare. Eit bilete som vart teke medan han jobba i Telemark syner ein muskuløs mann. Han var ein ekte rallare – og meir til.

Kristoffer Uppdal

Kristofer Uppdal (1878-1961) vart fødd på garden Oppdal utanfor Steinkjer. Som 20-åring byrja han i 1898 som laussarbeidar på anlegg. Rallararbeidet og -identiteten kom til å prega forfatterskapen hans. Dei 12 neste åra var arbeid på anlegg hovudkjelda hans til inntekt og røynsler.

Uppdal var rallar på Notodden og på Rjukan. Han arbeidde ved Svelgfoss, på Tinnosbana og i tunnelane ved Vemork. Han vart fagorganisert allereie rundt 1900, og var ein periode leiar for Tunnelarbeidernes forening. Erfaringane tok han med inn i skrivinga, serleg i romansyklusen Dansen gjennom skuggeheimen, som er ti romanar, utgjevne mellom 1911 og 1924. Jamvel i lyrikken hans finn me att desse erfaringane.

Fyrste bandet i Dansen gjenom skuggeheimen, (1911) er forteljinga om rallaren, den stadlause og jordlause arbeidaren; han som arbeider opp andres mark og grunn, og flyttar frå stad til stad kvar gong ein ny tunnel eller eit nytt stykke skinnegang er ferdig. Romanverket kom til å bli lese som det store diktverket om arbeidaren og arbeidarrørsla i Norge, der Uppdal syner overgangen frå jordbruk til industri på eit sosialt og et individuelt nivå – med rallaren, ikkje industriarbeidaren, som utgangspunkt.

Du vil og like