fbpx
Rjukan-Notodden industriarv

Då arbeidarane tok åtte-timarsdagen foran nasen på Gunnar Knudsen

Tekst: Trond Aasland / NIA

Frå 1. mai 2019 har Industriarbeidarmuseet (NIA) synt ei utstilling på Vemork om kampen for åtte-timarsdagen. Opninga fall saman med at det var 100 år sidan regjeringa Knudsen bestemte at åtte timar skal vera den lovfesta normale arbeidstida for dagarbeidarane i industrien.

Saamund Bergland var leiar i Notodden Jern & Metal då slaget sto om innføring av åtte-timars arbeidsdag.

Innføringa av åtte timars normal arbeidsdag vert rekna for den viktigaste sigeren for arbeidarrørsla til den tid, ja, kan hende til alle tider.

Denne reforma i arbeidslivet fell saman med tilsvarande endring i ei rad andre land, og det skjer i ei særs uroleg tid, i kjølvatnet av en verdskrig og revolusjon i Russland. I Norge var arbeidsdagen i industrien 11 timar fram til 1915. Då vart arbeidstida korta ned med ein time.

Verdensarvsenterets oppdrag er å spre kunnskap og skape oppmerksomhet om de fremstående universelle verdiene til norske verdensarvområder, gi forståelse for hvordan disse skal tas vare på og sette den norske verdensarven inn i et
internasjonalt perspektiv. Verdensarvsenteret er organisert med besøkssteder på Vemork på Rjukan og Telemarksgalleriet på Notodden. I tillegg formidler senteret vår lokale verdensarv på Rjukanbanen. Senteret jobber med etablering av en generell verdensarvutstilling som utvikles av
Riksantikvar og interesseorganisasjonen Norges Verdensarv i tillegg til et omfattende arbeid med etablering av utstillinger for vår lokale verdensarv på Rjukan og Notodden. Verdensarvsenter Rjukan-Notodden industriarv forvalter og formidler de fire pilarene i vår verdensarv:

  • Kraftproduksjon med dammer, tunneler og kraftstasjoner
  • Fabrikkene med fremstillingsmetoder for mineralgjødsel
  • Bysamfunnene Rjukan og Notodden
  • Transportåren Rjukanbanen -Tinnosbanen – navlestrenger til verdensmarkedet

5. juli 2015 ble Rjukan-Notodden industriarv skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste. Innskrivingen bygger på en epokegjørende oppfinnelse; industriell fremstilling av gjødsel til landbruket vedhjelp av vannkraft.

Professor Kristian Birkeland og ingeniør Sam Eyde ledet an i tviklingen av den elektriske lysbueovnen som gjorde det mulig å binde luftens nitrogen og lage gjødsel til bonden. Ved å temme fossen og føre vannet gjennom tunneller og rør ble det mulig å lage store kraftverk og store mengder elektrisk kraft. Det er tidenes viktigste oppfinnelse i Norge.

Verdensarvstatus er det høyeste internasjonale kvalitetsstempel et område kan få og medfører ansvar for å sikre verdensarvstedene for ettertiden.

Rjukan-Notodden industriarv strekker seg 92 km fra Møsvatn i Vinje til Heddalsvannet på Notdden, med til sammen 97 signifikante objekter i tre kommuner. Rjukan-Notodden Industriarv er et av åtte verdensarvsteder i Norge og per januar 2019 blant 1092 verdensarvsteder i Verden.

Statsminister Knudsen serverte 8-timarsdagen på eit sylvfat til arbeidarane. Dei kunne høfleg takke nei! (Teikning frå bladet Hvepsen 1919).

Sidan 1890-talet hadde kravet om åtte timars arbeidsdag vore hovudparolen i 1. mai-demonstrasjonen. Sjølv om Norge var eit nøytralt land fekk verdskrigen alvorlege verknader for folk flest. På fire år steig levekostnadene meir enn 140 prosent, medan inntektene auka på langt nær like mykje. Særleg vart hushaldningsutgiftene høge på stader som ikkje hadde gode nok forsyningar av landbruksprodukt frå omkringliggjande bygder. Dei unge industribyane Rjukan, Notodden og Odda var slike stader.

På Notodden meldte fagforeiningane seg ut av Arbeiderpartiet og slutta seg til Arbeidarrådet som var oppretta etter russisk forbilde. På ein arbeidarkonferanse i Skien i februar 1918  vart det fremja krav om kontroll over industrielle verksemder, sosialisering av omsetnaden, åtte-timars arbeidsdag og ekstraarbeid for arbeidslause.

Ein månad seinare konkluderte ein landskonferanse for arbeidarråda med at anten fekk regjeringa lovfeste åtte-timars normalarbeidsdag eller så fekk arbeidarane ta dagen sjølve – frå  2. mai same år! Arbeidsgjevarforeininga var snar med å varsle at det var i strid med tariffen å ta seg til rette.

Så skulle det syne seg at arbeidarane slutta sterkare enn nokon gong opp om 1. mai-toget i 1918. På Notodden gjekk 2000 under parolen «Frem for 8-timersdagen!» Fleire stader var det vilje til å slutte arbeidet ein time før avtalt tid frå neste dag. «Kunne vi stole på hverandre? Jeg var sjøl formann i Notodden Jern & Metal med ca 200 medlemmer, og jeg kan godt bekjenne at jeg var nervøs, men det gikk bra,» uttala Saamund Bergland då han vart intervjua av Alf Mostue mange år seinare.

Det underlege skjedde at Hydro-arbeidarane på Notodden og Rjukan starta direkte forhandlingar med Arbeidsgjevarforeininga i Kristiania. Hydro var innstilt på å halde fast ved tariffen som framleis var 10 timar dei første fem dagane i veka og seks timar på laurdag. To tillitsmenn gjekk jamvel til statsminister Gunnar Knudsen og kravde at han måtte lovfeste innføring av åtte-timarsdagen.

Det dramatiske i hendingane kjem òg til uttrykk i noko anna som skjedde sommaren 1918: 10 tillitsvalde frå Notodden og tre frå Odda måtte møte i Arbeidsretten i Kristiania for å ha brote arbeidskontrakten. Dommen fell 1. juli 1918: «De under nevnte arbeidere og de under 2 nevnte foreninger bør en for alle og alle for en betale til Norsk Arbeidsgiverforening og Norsk Hydro-Elektrisk Kvælstofaktieselskab 150 kroner».  Dommen vart langt mildare enn det som var kravd, og retten tok inga avgjerd når det gjaldt erstatning til arbeidsgjevaren. Det kravet fell seinare bort.

Ved dei ordinære tarifforhandlingane året etter fekk arbeidarane til sist gjennomslag for åtte timer som normal arbeidstid. Men det kosta:

Då forhandlingene kom i gang forsøkte arbeidsgjevarane å utsetje åtte-timarsdagen fram til årsskiftet 1920–1921. Dei ville ha ein stegvis overgang. Men LO heldt fast ved kravet om innføring av åtte-timarsdagen – og kravet førte fram i tarifforhandlingane som vart fullførte medan saka framleis var til behandling i Stortinget. For Hydro-arbeidarane heldt forhandlingane fram gjennom fleire veker. Til sist kom ein fram til semje om åtte-timarsdagen og jamvel åtte dagar sommarferie.

Ikkje lenge etter – den 11. juli 1919 – kunne Stortinget vedta lova som sikra at ordinær arbeidstid for dagarbeidarar er 48 timar per veke. Då Martin Tranmæl kom til Notodden eit par veker seinare talte han for meir enn 1300 tilhøyrarar – i regnver.

Du vil og like